tirsdag 1. november 2011

Sola og månen

Det var ein gong ei fantastisk fin og ung jente. Ho heit Sola. Sola var heilt spesiell. Ho var det finaste man kunne tenke seg. Ho hadde ein utstråling som ingen andre jenter hadde. Ho var så blid og glad, og så utrolig pen. Ein dag så bestemte ho seg for å reise på ein tur til varmare strøk, for det var så kaldt der ho budde.



Da ho langt om lenge var framme fekk ho sjå ein gut som stira på henne. Ho så guten i augne. De var mørke. Han kom bort til henne og fortalte kva han heit, han sa at han heit Månen. Han hadde eit skummelt blikk mot henne. Han sa at han likte henne og at han ville ta henne med seg heim og gifte seg med henne. Sola blei redd. Ho begynte å springe. Ho sprang og ho sprang, og guten like etter. Folka i dette fremma landet hadde ein anna kultur enn det Sola var vant til. Da ho hadde sprunge ein stund så fant ho eit fly. Ho gjekk inn i flyet sjølv om ho eigentlig ikkje kunne fly. Ho starta motoren og opp i lufta bar det. Guten hakk i hel, i eit anna fly som sto på bakken. Da sola kom seg opp i lufta så prøvde ho å få skikkelig fart på flyet. Men da ho snudde seg for å sjå om guten kom etter ho, så mista ho kontroll på flyet. Ho kjørte rett i det høgaste treet som fantast på jorda. Det heile sa ”poff” og flyet begynte å brenne. Da guten kom etter og så dette så fekk han sjokk. Han hadde verkeleg mista sin livskjærleik.



Den brennene  kula som kom etter dette, som vi har gitt namne Sola, for opp på himmelen og lysar i dag på vår fine blå himmel. Den er varm og god for Sola var ei så snill og god jente. Den går ned når det blir mørk, for å gjømme seg for Månen som ennå er der oppe på  himmelen og leitar etter ho. Han er kald og full av svarte hull sida han var grunnen til at hans livskjærleik ikkje finnast meir. Men han nektar å gi opp håpet. Ein dag vil han finne ho. Han er bare ute når det er mørkt sia etter den store eksplosjonen blei han blind, så han tørr ikkje å vise seg i lyset.





                                                                                             








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar